Bariatrisk kirurgi på verdensbasis – baseline demografisk beskriving og eit-års utfall frå den fjerde IFSO Global Registry-rapporten 2018

Villy Våge | Jun 2019 | |

Villy Våge
overlege, ph.d.,
Leiar SOReg Norge,
Haukeland universitetssjukehus

Fedme er eit aukande problem verda over, og for menneske med alvorleg fedme er fedmekirurgi med få unntak den einaste behandlinga som gir vedvarande vekttap. Det er godt dokumentert at fedmekirurgi betrar helserelatert livskvalitet, reduserer fedmerelatert sjukdom, gir auka overleving og er kostnadseffektivt.  Likevel er tilgangen til fedmekirurgi i mange land langt under behovet, og tilgangen varierer både innafor einskilde land og mellom landa. Det er stipulert at det i 2016 vart utført til saman kring 635 000 fedmeoperasjonar verda over.1  I 1995 vart den internasjonale føderasjonen for fedme- og metabolsk kirurgi (IFSO) skipa i Stockholm. Hovudmålet for IFSO er å optimalisere behandlinga for pasientar med alvorleg fedme. IFSO har i dag 64 medlemsland verda over, i tillegg kjem enkeltmedlemmer frå land som ikkje har eigen nasjonal foreining for fedmekirurgi. Av nordiske land er det berre Danmark som ikkje har nasjonalt medlemskap i IFSO.  IFSO har åtte ulike komitear som skal monitorere, uttale seg om, og til dels leie utviklinga innan viktige områder for fedmekirurgi. Ein av desse er komiteen for det globale fedmekirurgiregisteret (IFSO-registeret) der både leiar for det svenske og leiar for det norske fedmekirurgiregisteret er med.  Sverige og Norge har gått saman om eit felles fedmekirurgiregister (Scandinavian Obesity Surgery Registry – SOReg S/N).2 Variablane i SOReg-S og SOReg-N er like, slik at ein kan samanlikne data mellom dei to landa. Metode Tidlegare har det i IFSO-regi blitt publisert oversikt over tal og type operasjonar utført i dei ulike medlemslanda basert på enkle spørjeskjema sendt rundt til dei nasjonale foreiningane.3 I det globale IFSO-registeret blir det i tillegg til operasjonstype også registrert data om pasientpopulasjonen som blir operert – til dømes alder, kjønn, kroppsmasseindeks (KMI) og fedmerelatert sjukdom.  Ein kan også registrere oppfølgande data for å dokumentere utfall. Rapportering er via nettportal. Alle data er avidentifisert eller anonymisert,...