Syfilis – ikkje utgått på dato

BestPractice | Jul 2016 | Dermatologi |

Av Turid Thune, seksjonsoverlækjar, Hudavdelinga, Haukeland universitetssjukehus Syfilis er ein av dei mest interessante infeksjonssjukdomane som finst. Vi lærde på medisinstudiet at syfilis er den store imitator. Syfilis kan gje symptom frå nesten alle organ. Eller for å sitere sir William Osler (1849-1919): ”Know syphilis in all its manifestations and relations, and all other things clinical will be added unto you”. Kvar kom så denne smitten frå? Dei fleste er samde om at sjukdomen kom til Europa med sjømennene som hadde oppdaga den nye verda. Syfilis har truleg vore endemisk i Europa frå 1500-talet. På den tid var det mykje krig og ufred, og store hærskarar med unge menn reiste rundt i Europa. I tillegg var det eit stort kyrkjejubileum i Roma der delegatar frå heile Europa møtte. Der mange menn er samla, er det også gode vilkår for prostitusjon. Syfilis hadde komme med dei sjøfarande til Middelhavslanda, og snart hadde soldatane, og andre reisande menn, klart å spreie infeksjonen til alle land i Europa.1,2 Noreg var ikkje noko unntak. På 1700-talet spreidde ein spesielt aggressiv variant, den såkalla «radesyken», seg over heile landet. I obduksjonsmateriale frå Oslo frå tidleg på 1900-talet er det rapportert at 5-10% hadde skadar som tydde på at dei var smitta med syfilis. Effektiv behandling fanst ikkje, arsenikk og andre giftige saker vart prøvde, men det var først då penicillin kom på marknaden at ein fekk eit effektivt botemiddel. Mykje av kunnskapen om den naturlege utviklinga av ubehandla syfilis byggjer på korleis det gjekk med syfilispasientane som var hospitaliserte i Oslo på slutten av 1800- og tidleg på 1900-talet.3 Epidemiologi Under 2. verdskrigen blomstra syfilis opp, også i Noreg, men sidan effektiv behandling kom på marknaden, gjekk tala raskt ned etter krigen. Lenge såg det ut til at situasjonen i den vestelge verda var under...